Banner forside, Norsk Polarhistorie

1905 – Nansens tredje ekspedisjon?

Det gamle kongeriket fødd påny

Det har vore ei vanleg oppfatning at dei norske polferdene mot slutten av 1800-talet også bidrog til den norske unionsoppløysinga i 1905. Men kor sterk var eigentleg koblinga mellom Nansen, venstrenasjonalismen og 1905?

Av Narve Fulsås


Fyrste bindet av Tor Bomann-Larsens biografi om Håkon og Maud, "Kongstanken" frå 2002, sluttar med at Fram kjem tilbake i 1896 etter tre år i polisen. Med det, seier han, var det gamle kongeriket fødd på ny, eit splitta land var blitt til ein samla nasjon, og folket kunne sjå framover mot større oppgåver, å "befri seg fra den fremmedes purpurkappe".

Dette er same perspektivet han lanserte i "Den evige sne: en skihistorie om Norge" frå 1993: "1905 utgjør den politiske epilog til det store historiske drama som fant sin avslutning ved Frams innseiling og vikingkongens gjenkomst en solskinnsdag i september 1896. Da Norge var hentet ut av den evige sne. (. . .) dette var det store samlende verk - forutsetningen for 1905". Det var også Nansen, meiner Bomann-Larsen, som viste veg ut av den politiske krisa våren 1905: "1905 er Nansens tredje ekspedisjon".

Ei slik tolking står i sterk kontrast til den marginale plassen polarbedriftene tradisjonelt er blitt tildelt i sjangeren "Norges historie". Det starta alt med Nansens svoger, den store venstrehistorikaren Ernst Sars. I boka hans om norsk historie 1885 - 1905 er unionsstriden det heilt dominerande temaet, men han nemner ikkje Fram med eit ord, og Nansen omtalar han kort bare for sin diplomatiske innsats i London etter unionsoppløysinga.

I eit perspektiv som er meir ope for massekulturelle fenomen enn Sars sitt var, vil kanskje polarbedriftene måtte gjevast større plass. Perspektivet til Bomann-Larsen er likevel meir misvisande, og ser ut til å vere resultatet av ei dobbel feilslutning: Ei retrospektiv feilslutning der 1890-åra blir lese baklengs med utgangspunkt i 1905, og ei intensjonal feilslutning der meininga med Fram blir identifisert med Nansens eigne ambisjonar.