Banner forside, Norsk Polarhistorie
"stridende mot våre hjemlige regler for sunnhetens bevarelse"

Urfolksklede i polarstrøk

Norske polarheltar var ikkje større heltar enn at dei hadde mykje å lære av dei som verkelig kjente polarområda. Nansen skaffa seg samiske peskar, kommagar og sennegras til den første ferda med Fram, og han brukte også inuitiske skinnklede. Under turen gjennom Nordvestpassasjen (1903-1906) kjøpte Amundsen skinnklede frå netsilikfolket og engasjerte også ei av kvinnene, Nauia, til å sy klede til ekspedisjonen. Då han tok vegen nordaustover ti år seinare, var det den unge samekvinna Margrethe Lango, seinare gift Kitti, som leverte klede, skallar, bellingar og soveposar til mannskapet. På overvintringsekspedisjonen til Robert Peary ved Whale Sound på Grønland i 1891-92, som blant anna nordmannen Eivind Astrup deltok i, overtalte dei ein inuitfamilie til å slå seg ned i nærleiken, blant anna for å få hjelp til å sy klede. Samane Per Savio og Ole Must introduserte kommagar fõra med sennegras som fottøy for Carsten Borchgrevinks britiskfinansierte ekspedisjon i Antarktis (1899-1900), noko som fekk Borchgrevink til å slå fast: "Strømper duer ikke paa Slæderejser i de antarktiske Regioner".

Og vi som trudde ingenting kom opp mot vinterklede av rein norsk ull, slik strømpane og reklamesauen til Vegard Ulvang har! Alle vi som er fødde med ski under føtene veit jo at ull tar opp omkring 30 % fukt før ho kjennest våt. Dess utan vermer ulla sjølv etter at ho er blitt våt, så det er klart vi brukar undertøy av ull når vi skal på utmarsj i vinterkulda. I tillegg er ulla porøs, og gir stilleståande luftlag som verkar isolerande. Dess kaldare, dess fleire lag med ull kler vi på oss, og til slutt knepper og snører vi godt igjen vindtøyet så berre nasetippen stikk ut i frosten. Vi kler varmen inne. Dette har vi ikkje berre lest oss til i Fjell og vidde, oldefar og oldemor formidla den same kunnskapen. Oldefedrane brukte ulltrøye på hav og land, året rundt, og påstod dei blei sjuk om dei tok henne av. Og oldemor sette si ære i å ale fram sauer med god ull, sortere ut ull til ulikt formål og karde, spinne, strikke og veve gode, varme plagg som riktignok både klødde og stakk når dei var nye, men som ein kunne gå seg sveitt i utan å bli sjuk.

© Tromsø Museum Universitetsmuseet

Problemet er berre at slike klede faktisk ikkje duger i høgarktiske område. Prinsippa bak
vinterhyret til folk som levde der, var annleis: Ein kledde ikkje varmen inne, ein kledde kulda ute. Samtidig sørga ein for skikkelig utlufting av varme og sveitte frå kroppen. Eivind Astrup vart sjokkert over det han såg hos inuitane på Grønland. Han skildrar den inuitiske mannen slik at ein ser han for seg som ein gut med "sagge-bukser" som vert mellombar når han bøyer seg. I byrjinga var Astrup derfor "tilbøyelig til å anse fyren for en skjødesløs ungkar som har mistet fire av sine seks bukseknapper", og frykta at han kva augneblink som helst ville gjere skandale. Men nei, buksa vart hengande, kant i kant med skjorta. Sjølv om Astrup syntes drakten var merkelig, fordi han var "i den grad stridende mot våre hjemlige regler for sunnhetens bevarelse, at den i stedet for å beskytte sin bærers edlere organer tillater nordenvinden å feie vilt henover hans trinne mave eller snekrystallene å smelte mot korsryggens blottede hud". Likevel innsåg han fordelane med at huda fekk puste og sjanse til å avgi sveitte.

Også elles er dei tradisjonelle inuittkleda lause, slik at det får danna seg eit luftlag mellom kroppen og kleda. Kleda "blafrar" når jegeren arbeider eller spring, noko som gjer at utskiftinga mellom lufta på innsida og utsida held kroppen kjølig og tørr. Samtidig fungerer hette og halsopning som "lufteluke". Blir det for varmt, tar ein av seg hetta, og sia kleda er lause over hofte og midje, stig den varme lufta opp gjennom hals- og hetteopninga, varmar samtidig fjeset når ho stig opp, og blir erstatta med kald luft. No var det sjølvsagt ikkje alltid inuittane ville ha det luftig under skinnkleda. Stod dei lenge i ro, for eksempel ved fisking, brukte dei gjerne eit belte slik at kleda vart meir tilsittande.

I dei kaldaste strøka på jorda kan temperaturen gå ned mot 50 minusgrader. Følgjer ein der det norske prinsippet om å kle varmen inne, samtidig som ein er i aktivitet og blir sveitt, kan ein fort fryse i hel. Ein blir ein berre kaldare etter kvart som kleda absorberer fukt frå kroppen og fukta fordampar. Sveitt hud kan ha eit varmetap opp til over 40 gonger så mykje som tørr hud, og sveitten kan bli til is. Folk har opplevd at kleda deira har frose på kroppen. Får ein ikkje tørka dei, kan dei ende som likklede.

Skinnet som dei inuitiske og samiske kleda vart laga av, var også eit veleigna materiale for iskalde dagar. Skinn pustar, og legg det seg iskrystallar på kleda på grunn av fordamping frå kroppen, er det berre å koste dei vekk. Både inuittar og samar brukte innerpelsar av reinskinn med håra inn. Det var ikkje utan grunn. Reinskinn er varmare, meir haldbart og lettare enn alle andre skinn, hevdar draktforskaren Susanna Jannok Porsbo. I tillegg tørka dei fort. Reinhåra er hule, når ein har ein innerpels på seg, blir dermed sveitte frå kroppen sugd mot hårrota, og pelsen blir tørr nærast kroppen. I tillegg er slike hår ualminnelig dårlige varmeleiarar. Blir ytterpelsen våt av sveitte, kan ein snu han slik at håra vender inn mot kroppen.

Produksjonen av skinnkleda er ei historie for seg. Alderen på dyret er ein viktg faktor når ein skal velje ut materiale. Skinnet frå ein fire månaders reinkalv gav for eksempel ein lett, men tett pels. Var reinkalven blitt ein månad eldre, vart skinnet meir høvelig til tyngre og grovare pelsar.

Skinn frå ulike delar av dyret går til kvar sine delar av plagget, slik at det skal vare lenger. Hovud-og halsskinnet, som er sterkt og bua, er veleigna til hetta. Den elastiske delen av reinskinnet ved reinen si "skulder" blei gjerne brukt over mennesket si skulder, og det bua rumpeskinnet brukt i buksebaken. Plagga fekk færrast mulig hovuddelar, slik at det blei få saumar og ikkje så stort varmetap. Til skinnarbeidet har dei inuittiske kvinnene brukt og brukar framleis ein spesiell kniv, ulo, kvinnekniven.

Saumane er sydd med faste, små sting. Ulike saumar blir sydd til ulikt bruk, innerplagga har saumar der delane er lagt kant i kant slik at dei ikkje gnager, mens vasstette saumar blir brukt til ytterbruk. Plassering av saumane der dei ikkje er så utsett for press, forlenger levetida til utstyret. På nokre overdelar går for eksempel ein del av underermet inn i sjølve bolen for å unngå ein saum der plagget blir mykje utsett for slitasje, og skuldersaumar blir plassert nedanfor sjølve skulderleddet. Tidligare blei skuldersaumen unngått ved at ein brukte eitt skinn til både for- og bakstykke. Av same grunn er sidesaumane, både på overdelar og bukser, ikkje plassert midt på. Både buksene og anorakkane er ofte kanta med frynser. Fleire i Gjøa-ekspedisjonen skar av desse frynsene, fordi dei, som Amundsen skreiv, syntes det var "naraktig for voksne mandfolk som os at gaa med frynsepynt paa dragten". Dermed oppdaga dei kva funksjon frynsene hadde - å unngå at skinnet rulla seg oppover.

Dei fleste anorakkane i samlinga Amundsen kjøpte frå netsilikfolket, har ryggstykke som går heilt opp i hetta bak, forstykket er øvst delt i to, kvar del går bak over skuldrane. Saumane bak går på skrå frå nakken ned til armholeområdet. Alle har tjukk skinnkant av kvit pels rundt hetteopninga, dei fleste også langs buen rundt nedste del av bakstykket. Polarheltane sitt møte med inuitisk draktskikk førte til at anorakken blei ein sjølvsagt del av norsk turutstyr, men då i "fornorska" utgåve sydd av vindtett tøy.

Inuitane brukte også andre skinn enn av rein til klede, blant anna frå isbjørn og sel. På den første Fram-ferda hadde både Nansen og Johansen med vasstette kajakkklede av selskinn.

Oppdagarane og vitskapsfolka lærte både av inuitisk og samisk sin klesskikk. At Carsten Borchrewincks overvintringsekspedisjon i Antarktis 1898-1900 klarte seg, skuldast ikkje minst den praktiske erfaringa Ole Must og Per Savio hadde med ekstreme vinterforhold. Dei engelske og norske deltakarane kledde seg då også delvis på samisk vis på kalde dagar, med "samojedskinnlue" over ullhuva, reinskinnshanskar og kommagar med sennegras i. Borchrevink lovpriste elles sennegraset, som dei hadde med seg ein heil sekk av.

Også Nansen hadde stor glede av det. Han fekk låne skallane og pesken av Balto for det siste stykket til kysten av Vest-Grønland, og skreiv om skallane:
"Disse finnesko, hvorpaa altsaa haarene vender utad, og som lappene fylder med det omtalte sennegræs, hvori de stikker sine bare fødder uden strømper, er meget varme og fortrinlige til skiløbning. Jeg blev saaledes fuldt overbevist om finneskos brugbarhed for reiser som denne og kan give den varmeste anbefaling til saadant brug.."

Sjølv om ein i mange samanhengar finn eksempel på at oppdagingsreisande i polarområda som så mange andre samtidige omtala urfolka nedlatande, såg dei altså samtidig heilt klårt at erfaringskunnskapen deira hadde stor verdi, og både det dei skreiv, og ikkje minst det utstyret det valte, viser det.

Kjelder:
Amundsen, Roald 1907/ 1972: Nordvestpassasjen. Beretningen om Gjøa, Kristiania
Astrup, Eivind 1895: Blandt Nordpolens naboer, Kristiania.
Balto, Samuel Johansen 1980: Med Nansen over Grønlandsisen i 1888: min reise fra Sameland til Grønland Tromsø museums skrifter; 17, Tromsø.
Borchgrevink, Carsten 1905 : Nærmest Sydpolen : Aaret 1900, Kristiania.
Hatt, Gudmund 1914: Arktiske skinddragter i Eurasien og Amerika : en etnografisk studie, København.
Issenman, Betty Kobayashi 1997: Sinews of survival : the living legacy of Inuit clothing, Vancouver.
Jølle, Harald Dag 2004: "Nordpolens naboer". I Einar Drivenesog Harald Dag Jølle (red.) 2004: Norsk polarhistorie, bd. 2, Oslo,
Nansen, Fridtjof 1890: Paa ski over Grønland, Kristiania.
Nansen, Fridtjof 1891 :Eskimoliv, Kristiania.
Porsbo, Susanna Jannok 1988: Samisk dräktskick i Gällivare, Jukkasjärvi och Karesuando socknar, Jokkmokk.
Sverdrup, Harald U. 1938: Hos tundra-folket, Oslo.